Fridomens grenser 1814-1851: Handhevinga av den norske «jødeparagrafen»

· Spartacus forlag
Ebook
378
Pages
Ratings and reviews aren’t verified  Learn More

About this ebook

«Jesuiter og Munkeordener maae ikke taales. Jøder ere fremdeles udelukkede fra Adgang til Riget.» (1814). «Jødeparagrafen» har gått inn i historia som ein pinleg skamplett på Grunnlova. Forbodet mot jødar stod ved lag fram til 1851. Sjølv om paragrafen er godt kjend og berykta, er kjennskapen til paragrafen si verknadshistorie liten. Korleis vart utestenginga av jødar handheva i praksis? Basert på tidlegare ubrukt kjeldemateriale viser boka at «jødeparagrafen» raskt vart tatt i bruk, og at ei rekke personar vart utsette for bortdriving, utvising, store økonomiske krav eller fengsling. Før Grunnlova var eitt år gamal, var minst ni personar utviste eller fordrivne på grunn av forbodet. Boka viser også at handhevinga av paragrafen utvikla seg frå ei prinsipiell og konsekvent utestenging til ei meir pragmatisk handheving. Det galdt særleg når det var i statsmakta sine eigne interesser. Boka diskuterer den norske politikken overfor jødar i ein brei europeisk kontekst. Sjølv om den norske lov givinga etter 1814 alt i si samtid vart oppfatta som særleg brutal, var den ikkje unik. Antijødiske haldningar og krav om antijødisk politikk var ikkje typisk norsk, men typisk europeisk. «Indstilling i Justitssagen mod Jøden Henri Leia Henri Leia, der er over criminel Lavalder, tiltales under nærværende Sag for at have indfundet sig heri Landet uden Leidebrev. Ved egen Tilstaaelse er det beviist, saavel at Angjældende bekjender sig til den jødiske Religion som at han til forskjellige Tider har opholdt sig her i Riget. Angjældende maa saaledes straffes efter 3-22-1 samt bringes ud af Landet. Thi indstilles ærbødigst: At Jøden Henri Leia straffes med en Mulct af 800 Spd. og efter offentlig Foranstaltning bringes ud af Landet, samt at han tilpligtes at betale Arrest og Varetægts-Omkostninger efter approberede Regninger.» Christiania d. 28de Januar 1833. Overretspr. Gude ved Lund. Frode Ulvund, f. 1969, er dr. philos. og førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Bergen. Ulvund har særleg arbeidd med kriminalitets- og disiplineringshistorie. Han har seinast gitt ut blant anna Bergen, bergenserne og 1814 (Ulvund, F., red.), Bodoni forlag 2014 og bidratt i antologiane Virker straff?, (Olsen, S., red.), Scandinavian Academic Press 2012 og Folkestyre? Kritisk lys på 1814-demokratiet (Nagel, A.H. og Dyrvik, S., red), Bodoni forlag 2014.

Rate this ebook

Tell us what you think.

Reading information

Smartphones and tablets
Install the Google Play Books app for Android and iPad/iPhone. It syncs automatically with your account and allows you to read online or offline wherever you are.
Laptops and computers
You can listen to audiobooks purchased on Google Play using your computer's web browser.
eReaders and other devices
To read on e-ink devices like Kobo eReaders, you'll need to download a file and transfer it to your device. Follow the detailed Help Center instructions to transfer the files to supported eReaders.